Den kulturelle skolesekken Telemark
Postadresse: Telemark fylkeskommune, pb. 2844, 3702 Skien
Besøksadresse: Fylkeshuset, 3706 Skien
Telefon: • Nettsted: www.dkstelemark.no
Kontaktperson:
BRIKKEDILLA - Vev eit band med brikkevev! V19
Produksjonsliste
Program

BRIKKEDILLA - Vev eit band med brikkevev! V19

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Vev eit band med brikkevev er ein produksjon som gjev elevar på 6. og 7. trinn ei innføring i brikkevev – ein bandvevteknikk med røter attende til forhistorisk tid. I vikingtid og mellomalder nådde teknikken eit høgdepunkt, og han er framleis i levande tradisjon i Noreg. Dette gjeld spesielt i Aust-Telemark, der brikkevovne band blir bruka til bunaden. Det breie midjebandet til beltestakken er t.d. vove med brikker. Med brikkevev kan ein veve flotte og kompliserte mønster, og somme av desse har etter gamal folketru hatt symbolsk og vernande innhald.

Sjølve vevteknikken er enkel, kan brukast til mykje forskjellig og kan utførast med enkle reiskapar. Ein brukar gjerne firkanta brikker av papp, med hol i kvart hjørne. Ein trær renningstrådar i hola etter eit mønster framstilt som koordinatsystem, slik elevane kjenner det frå matematikktimane. Her er det i utgangspunktet stort rom for fantasifulle effektar med garn og fargar. Men i dette programmet får elevane utdelt ei ferdig ullgarnsrenning som dei sjølve skal træ i brikkene. 

Elevane får øving i å bruke handreiskapar, gjere ting i rett rekkjefylgje, halde jamn breidd, stramme trådane og slå til akkurat passe hardt. Kjenne etter med fingrane og justere teknikken. Dei må arbeide konsentrert, men til gjengjeld får dei oppleve gleda av å meistre eit handverk, å sjå mønsteret vekse fram, å "flyte" med i den jamne arbeidsrytmen, gløyme tid og stad – og ikkje minst få eit fint band med seg heim!

Det å kunne fordjupe seg i langsam skaping med hendene på denne måten, representerer ein kjærkomen kontrast til den digitale kvardagen elevane vanlegvis er omgjevne av.

Tidlegare gjennomføringar har synt at produksjonen har stor appell både for jenter og gutar, og at alle greier å få eit konkret resultat!

Bandet elevane lagar kan t.d. brukast til nykelring, hårband, panneband, bokmerke, armband eller liknande. Og dei vil i etterkant få tilgang til nedlastbart undervisingsmateriale som syner korleis dei kan lage seg sin eigen brikkevev av t.d. mjølkekartongar, lage renning og træ brikkene. Og dei vil få forslag til kreative brikkevev-prosjekt dei kan halde fram med heime. 


Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Den kulturelle skolesekken Telemark
  • Kunstnere/grupper: Gunn Evensen
  • Produsent: Gunn Evensen i samarbeid med DKS Telemark.
  • Idé/opplegg: Formidlingsopplegg brikkevev: Gunn Evensen

Om kunstner / utøver / gruppe

Gunn Evensen - Rand og rose tekstilverkstad, vev, klær, tekstil og tilbehør


Medvirkende

Multimedia og vedlegg

Bilder

FG2A0244_b.jpg
FG2A0230.JPG
Foto: Dks Telemark
brikkevev.jpg
Foto: Dks Telemark
FG2A0267.JPG
Foto: Dks Telemark
FG2A0232.JPG
Foto: Dks Telemark
brikkevev.jpg
Foto: Dks Telemark
FG2A0264.JPG
Foto: Dks Telemark
FG2A0250.JPG
Foto: Dks Telemark
Kulturarv
Trinn: 6 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Anne Hermansen, 35917972/ 41694893
Epost: anne.hermansen(a)t-fk.no
Kontaktperson utøver
Programlengde
Heildagsopplegg
Maks publikumsantall
15
Arena / rom
Formingsrom/ klasserom med med pultar, stolar + tavle. Pultene bør setjast saman to og to og det må vera mogleg å feste skrutvinge.
Bærehjelp
Nei
Oppriggingstid
20 min.
Nedriggingstid
20 min.
Arrangører
Arrangert av:
Den kulturelle skolesekken Telemark
Produsent:
Gunn Evensen i samarbeid med DKS Telemark.
Medvirkende
  • Gunn Evensen (Formidler)