Den kulturelle skolesekken Telemark
Postadresse: Telemark fylkeskommune, pb. 2844, 3702 Skien
Besøksadresse: Fylkeshuset, 3706 Skien
Telefon: • Nettsted: www.dkstelemark.no
Benny på tur V18
Produksjonsliste
Program

Benny på tur V18

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Bøkene til Barbro Lindgren (tekst) og Olof Landström (ill.) om griseguten Benny har blitt veldig populære blant norske barn og foreldre. Benny er faktisk aldri så lite av ein kultfigur!

Bøkene er omsette frå svensk av forfattar og folkemusikar Stein Versto, og i denne førestillinga les og fortel Stein frå bøkene, med illustrative og stemningsskapande innslag på hardingfele.

Stein Versto har kalla opplegget ei førestilling, fordi det har meir preg av forteljing enn rein opplesing. Illustrasjonane i bøkene er store, og lette å sjå for elevane, når bøkene blir haldne opp framfor klassen. Kanskje kan ein seia at tekst, illustrasjonar og musikk går opp i ein eigen einskap, i opplegget.

Stein var i Språkåret 2013 på turné for førskuleborn i bibliotek og barnehagar i Vest-Telemark med dette opplegget.

Stein Versto er forfattar, folkemusikar og omsetjar. Han gav ut romanen "Nidaros" i 2013, og har også skrive songtekstar, bl.a. for Odd Nordstoga.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Den kulturelle skolesekken Telemark
  • Kunstnere/grupper: Stein Versto
  • Idé/opplegg: Stein Versto

Om kunstner / utøver / gruppe

Stein Versto forfattar og folkemusikar, debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene i 1990, som han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Hans siste bok til no er romanen Nidaros frå 2013.

Han var forlagsredaktør for skjønnlitteratur i Det Norske Samlaget frå 1999 til 2002, og han har også skrive dikt, essay, dramatikk og songtekstar (for bl.a. Odd Nordstoga, Berit Opheim Versto, Bugge Wesseltoft, Herborg Kråkevik, Ingebjørg Bratland, Espen Rud), og arbeidd med omsetjing og gjendikting.

Versto sat i Det litterære Råd i Den norske Forfatterforening 2007-2013 (fire år også som leiar) og er styremedlem i Litteraturdagane i Vinje, der han også har vore leiar. Han verkar òg som litteraturformidlar og lærar i kreativ skriving.

Musikk
Spelemann på hardingfele, gav ut solo-CD-en ”Urjen” i desember 2011 (NORCD), med slåttar etter Olav og Eivind Groven. Representert med eige program i ”Folkemusikktimen” 1994, representert med bidrag på produksjonane ”Fjøllmannjenta” og ”Høgdepunkt frå Landskappleiken 1994”.
Lærar i hardingfelespel, Folkemusikkstudiet ved Høgskolen i Telemark, avd. Rauland, 1993-94.
Lærar i Vinje musikkskule (hardingfele og gitar) i perioden 1983-1994.


Medvirkende

  • Stein Versto
  • Stein Versto (Forfattar, musikar, forteljar)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Benny på tur
Foto: Olof Landstöm
Benny på tur
Foto: Olof Landstöm
Stein Versto
Foto: Ånond Versto
Kunstarter i samspill
Trinn: 1 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøver
Stein Versto: steinversto@gmail.com, mob: 92429610
Programlengde
35 minutter
Maks publikumsantall
30
Arena / rom
Klasserom eller lignande. Elevene bør sitte samla, på stolar eller puter. Viktig at bakgunnen (bak formidlar) er roleg.
Bærehjelp
Nei
Oppriggingstid
15 min.
Nedriggingstid
15 min.
Merknad
En person alene på turné.
Arrangører
Arrangert av:
Den kulturelle skolesekken Telemark
Medvirkende
  • Stein Versto (Forfattar, musikar, forteljar)