Den kulturelle skolesekken Telemark
Postadresse: Telemark fylkeskommune, pb. 2844, 3702 Skien
Besøksadresse: Fylkeshuset, 3706 Skien
Telefon: • Nettsted: www.dkstelemark.no
Guten - songar av Aasmund Olavsson Vinje H17
Produksjonsliste
Program

Guten - songar av Aasmund Olavsson Vinje H17

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Kva trengs for å byggje ein nasjon og kva trengs for å få ei kjensle av å tilhøyra eit land? Er språket viktig? Kva med kulturhistoria vår?

Aasmund Nordstoga med band vil i denne konserten reflektere rundt dette og kanskje gje nokon svar.  

Alle tekstane er av Aasmund Olavsson Vinje. Han blei født i Vinje i Telemark for 200 år sidan, i ei tid då det å byggje landet Noreg var sentralt. Han var den fyrste til å bruke Ivar Aasens landsmål til både lyrikk og sakprosa. Dikta hans er av ein eineståande karakter, og er like aktuelle i dag som då dei vart skrivne. Mange av dei handlar om kjærleik og den vakre norske naturen. De vil bli kjende med Aasmund Olavsson Vinje som lyrikar, samfunnsdebattant og humorist .

Melodiar/arrangement er av Odd Nordstoga og Edvard Grieg. 

Lærerveiledning

Forslag til for- og etterarbeid i norsk- og musikkfag

Sjå vedlagt pdf-fil for forslag til for- og etterarbeid til konserten Guten - songar av Aasmund Olavsson Vinje

Last ned:

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Den kulturelle skolesekken Telemark
  • Produsent: Produsert av Vest-Agder fylkeskommune

Om kunstner / utøver / gruppe

Aasmund Nordstoga er visesongar og gardbrukar. Som musikar hentar han repertoaret sitt på heimebane. Gamle viser blir friska opp att med nye arrangement eller ny melodi, med god hjelp av nære musikkvener. Visene har gjerne ein god historie, eller ei god dose livsvisdom.

John Vinge, frå Skedsmokorset, arbeider til dagleg med musikkpedagogikk, mellom anna på Norges Musikkhøgskole. I denne konserten er han mannen med tangentane - både trøorgel og piano.

Åsmund Reistad, frå Rykkin i Bærum, er freelancemusikar med base i norsk folkemusikk. Han trakterer bassukulele og gitar på denne konserten.


Medvirkende

  • Aasmund Nordstoga (song)
  • Åsmund Reistad (Bassukulele og gitar)
  • John Vinge (Trøorgel og piano)
  • Anders Hall (Feler)
  • Tor Magne Hallibakken (Lydtekniker)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Aasmund stort.tif
Foto: Marcel Leliënhof
Musikk, Litteratur
Trinn: 8 - 10
Turnéplan: Guten H17
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Frøydis Aslesen, tlf 98620594 froydis.aslesen@t-fk.no
Kontaktperson utøver
Tor Magne Hallibakken, lydtekniker tlf 92898400
Aasmund Nordstoga, tlf 90729074
Programlengde
45 min
Maks publikumsantall
200
Arena / rom
Gymal/aula eller kulturhus
Bærehjelp
Ja, gjerne fem elevar
Oppriggingstid
60 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad
Viss skulen har eit stemt piano i lokalet, vil pianist John Vinge gjerne bruke det. Han har også med seg eit el.piano. Lydteknikar vil komme til skulen ca. 1 time før konsertstart for rigging. Det er fint om det då er tilstade eit par hjelparar, både for å vise vei til konsertlokalet, straum o.l. og for å hjelpe til med å bere inn utstyret. Dei er til saman 5 stykker på turné, og då er lydteknikaren inkludera.
Arrangører
Arrangert av:
Den kulturelle skolesekken Telemark
Produsent:
Produsert av Vest-Agder fylkeskommune
Medvirkende
  • Aasmund Nordstoga (song)
  • Åsmund Reistad (Bassukulele og gitar)
  • John Vinge (Trøorgel og piano)
  • Anders Hall (Feler)
  • Tor Magne Hallibakken (Lydtekniker)